Gå til innholdet

2.1 Hva er Bibelen?


Kommer…

Kanonhistorie - Bibelens tilblivelse

På Jesu tid og i oldkyrkja fanst det fleire skrift i bruk mellom jødane, og mange av dei hadde høg autoritet. Også blant dei kristne fanst det etter kvart ei rekkje bøker både om Jesu liv og om apostlanes liv og lære. Var alle desse bøkene like pålitelege? Var dei alle heilage skrift som skulle ha autoritet i kyrkja?

Historia om korleis ein kom fram til at nett dei bøkene som no står i Bibelen, skulle høyra med til dei heilage skrifta, vert kalla kanonhistoria.

På gresk vart ordet kánon brukt om eit uthola, stivt røyr, til dømes av siv. Vi kjenner det att i våpenet «kanon» og i det uthola treet som vart til «kano». Eit slikt stivt røyr kunne ein òg laga ein linjal eller ei målestong av. I denne tydinga blir kánon brukt om ei samling med bøker: Desse bøkene skal vera målestokken for kva som er rett lære.

Kanon til GT

Jamnia, ein liten by vest for Jerusalem, er kjend som staden der sluttstreken vart sett for kanon til GT. Dette skal ha hendt i eit møte kring år 90 e.Kr. Men her avgjorde ein berre å halda på dei 39 bøkene; sjølve utvalet av bøker var gjort mykje tidlegare.

Jesus og apostlane følgde den jødiske tradisjonen. Jesus synte ofte til bøkene i GT som autoritet i diskusjonar med dei skriftlærde: «Har de ikkje lese dette i Skrifta?» (Mark 12,10 og 26) Fordi Jesus og apostlane såg på GT som kanonisk, er det kanonisk òg for kristne i dag.

Kanon til NT

Det som er særmerkt for dei kristne finn vi i Det nye testamente. Samlinga av bøkene i NT til ein kanon tok mange år. Ein av dei store kristne leiarane i oldkyrkja var Augustin (354–430 e.Kr.). Han skriv om dette i boka Om den kristne læra.

Der fortel han kva som var viktigast då det vart avgjort kva for bøker ein skulle rekna med i kanon. Det han skriv, kan vi samla i tre punkt:

  1. Eit apostolisk opphav: Bøkene måtte vera skrivne av ein apostel eller av ein medarbeidar til ein av apostlane. Slik vart Markus- og Lukasevangeliet rekna som kanoniske: Markus var medarbeidaren til Peter, og Lukas var medarbeidaren til Paulus.
  2. Apostolisk innhald: Dei måtte innehalda den same bodskapen om Jesus som dei andre bøkene som alt var med i kanon.
  3. Allment utbreidde: Det var ikkje nok å koma med eit skrift som berre var i bruk nokre få stader. Bøkene måtte vera kjende og elska i heile kyrkja.

Sluttstreken for kanon til NT vart sett på kyrkjemøtet i Kartago i 397 e.Kr. Då vart det vedteke å ikkje rekna andre enn dei 27 bøkene vi har i NT i dag, med i kanon. Desse hadde biskop Athanasius i Alexandria lista opp i eit påskebrev frå år 367 e.Kr. Her bad han kyrkjene strengt om ikkje å rekna andre enn dei 27 NT-bøkene som heilage.

Men det var ikkje kyrkjemøte som valde ut dei 27 bøkene. Dei var allereie utbreidde og aksepterte som heilage skrifter og rettesnor for kva ein skulle tru og korleis ein skulle leva som kristen. Kyrkjemøtet i Kartago berre stadfeste kva for bøker som var kanoniske.

Utvalet av bøker var i praksis gjort over to hundre år tidlegare. Alt omkring år 180 finn vi ei kjerne av 21 bøker i kanon: Dei fire evangelia, Apostelgjerningane, 13 Paulusbrev, Peters første brev, Johannes’ første brev og Johannes’ Openberring. Seks av bøkene var endå ikkje i bruk alle stader: Hebrearbrevet, Jakobs brev, Peters andre brev, Johannes’ andre og tredje brev samt Judas’ brev.

NT-tekstane si historiske truverdigheit

Det er viktig å vita korleis Bibelen vart overlevert. Det gjev svar på spørsmål som: Kor nøyaktige var dei som skreiv av? Kor mange år gjekk det frå boka vart skriven, til den eldste avskrifta vi har? Og kva kan ha hendt i dei åra vi ikkje har manuskript frå?

Dei bibelske forfattarane legg sjølve stor vekt på at det dei skriv, er historisk påliteleg. I Første korintarbrev skriv Paulus at den kristne bodskapen er fullt ut avhengig av historiske fakta: «Men har ikkje Kristus stått opp, då har de ei unyttig tru, og då er de enno i syndene dykkar.» (1 Kor 15,17).

Ei sammanlikning – historia om Julius Cæsar og NT

Vi reknar med at historia om den romerske keisaren Julius Cæsar (100–44 f.Kr.) er nokså påliteleg. I dei sju bøkene han skreiv om gallarkrigane, Commentarii dei bello gallico, fortel han om krigane han førte i åra mellom 58 og 52 f.Kr. Det er ingen grunn til å tvila på at framstillinga er historisk påliteleg.

Samtidig er det mange som tvilar på at boka om Jesus frå Nasaret er historisk påliteleg. Somme seier at heile historia om Jesus er oppspinn som vart dikta opp fleire hundre år etter at han levde. Men moderne forsking har synt oss at NT er den skriftsamlinga frå antikken (frå cirka 500 f.Kr. til 500 e.Kr.) som er grunna på flest gamle manuskript.

Bøkene som Julius Cæsar skreiv om gallarkrigane, finst i dag i ni ulike manuskript. Desse er avskrifter som vart gjorde omkring 900 år etter at Cæsar døydde. Dermed er det umogleg å vita kor nøyaktig teksta vart overlevert i desse 900 åra.

Til samanlikning er NT bevart i nærare seks tusen (5824) manuskript. Dei eldste av desse manuskripta vart skrivne av berre ein generasjon etter at Johannesevangeliet var ferdig. Det er altså svært stutt tid frå boka vart skriven, til den tidlegaste avskrifta som finst att. Og det er lite sannsynleg at det vart gjort store endringar i teksta på desse åra.

I nyare tid er det mange som har skrive spennande bøker som tar opp episodar frå oldkyrkja. Ei av dei mest kjente er DaVinci-koden.

Den overleverte teksten

Av dei nærare seks tusen tekstfunna til NT er ikring 90 prosent svært like. Hos profeten Jeremia står det: «Eg vil vaka over ordet mitt, så eg set det i verk.» (Jer 1,12). Ut frå eit slikt bibelord kan ein tenkje seg at Gud har vaka over ordet sitt og teke vare på det gjennom historia.

Det vi finn er at bibelteksta har vore overlevert utruleg nøyaktig gjennom dei tallause avskriftene.

Men mellom dei tidlegaste manuskripta frå 100- og 200-talet er det nokre variasjonar i skrivemåten av ord og setningar. Variasjonane mellom manuskripta er oftast små og har lite å seia. Men nokre stader vil eit eller fleire bibelvers mangle i dei tidlegaste manuskripta. Dei viktigaste stadene er Matt 6,13, Mark 16,9-20, deler av Luk 11,2-4, Joh 7,53-8,11 og Apg 8,37.

Den eldste tekstbiten

Den vesle papyrusbiten som er gitt namnet Papyrus 52, er sjølve perla mellom manuskripta. Papyrus 52 er berre 9 x 6 centimeter stort og vart funne i Egypt. P52 er ein liten bit av eit evangelium som vart handskrive kort tid etter at Johannesevangeliet var ferdig. På for- og baksida står delar av Joh 18,31–33 og 37–38. Ved hjelp av skriftanalyse vart manuskriptet datert til keisar Trajans tid (98–117 e.Kr). I dag er det vanleg å datera P52 til kring år 125 e.Kr., eller den første halvdelen av 100-talet. P52 fortel oss at Johannesevangeliet vart spreidd over eit så vidt område at eit eksemplar fanst i Egypt cirka år 125 e.Kr. Dette stadfester det bibelforskarar alltid har meint: At Johannesevangeliet må vera skrive så tidleg som kring år 90 e.Kr.